Eit eldorado for aktivitet!

I området rundt hyttene er det flotte forhold for variert aktivitet. Nedanfor finn du eit utvalg aktivitetar kort avstand frå Roset Panorama.

Opplev Stryn!

nordfjord.no kan du lese meir om kva Stryn har å by på. Under viser vi eit lite utvalg.

Via Ferrata Loen

25 km frå hyttene ligg Via Ferrata Loen. Denne tek deg opp til Hoven (1011 moh). Utstyr og guiding kan ein leige hjå Loen Active.

Lovatnet

Ca. 30 km frå hyttten ligg Lovatnet. Farga av breen, og med muligheter for å leige kano og kajakk.
Les meir på nordfjord.no.

Briksdalen

Ca. 1 time med bil frå Roset panorama finn du Briksdalen der du kan gå eller leige bil opp til Briksdalsbreen. Les meir på nordfjord.no.

Loen Skylift

Ca. 25 min. frå Roset panorama finn du Loen Skylift. Ei gondolbane som tek deg frå 0 til 1011 moh på få minutt. Les meir på loenskylift.no.

Beachen

Stryn er eit fint område for klatrarar. Mest kjente klatrefelt er Beachen som ligg ca. 25 min frå hyttene. Overhenget fører til tørt fjell uansett veir!

Hydlaparken

Klatrepark som ligg nær Stryn vinterski ca 20 min frå Roset panorama. Klatreparken egnar seg for folk i alle aldrar. Les meir på hydlaparken.no.

Opplev nærområdet!

Spør oss gjerne om fleire tips til tura og aktivitetar.

Trollbu

Grillhytte til fri bruk for våre gjester. Den er bygd etter ein gammal grindeteknikk. Ligg plassert mellom "Runebu" og "Rosettoppen". Gode grillmoglegheiter både i bra og dårleg vær.

Fjelltur

Området rundt hyttene har fint turterreng som passar både for born og vaksne. Ein kan gå til både sætrar, fjellvatn og ulike toppar. Fjelltoppar som Bergsetnakkjen (1133 m.o.h.), Glittereggja (1297 m.o.h) og Blåeggja (1049 m.o.h) er nydelege turmål med panoramautsikt over Nordfjord. Området har og mange setrar som er lette turmål for familiar.

Kano og fiske

Kort gåavstand frå hyttene ligg Ulvedalsdemmene. Dette er eit vatn som er godt egna for fisking og kanoturar. Her ligg ein kano som kan lånast av våre gjester. Ta kontakt for å låne redningsvestar. Fiskekort 50,-.

Langrenn

Nordfjord fridtidssenter ligg 10 km frå Roset panorama. Her er ca 5 km lysløype og lange flotte fjelløyper om vinteren. Det går langrennsløyper frå hyttene til Nordfjord fridtidssenter.
Sjekk skisporet.no for oppdatert løypestatus.

Topptur

Frå Nordfjord Fridtidssenter kan ein gå topptur på Bergsetnakkjen (1133 moh). Denne turen er nevnt i boka "Trygge toppturer". Ellers er det mange toppturmuligheter i Stryn og omegn. Hugs å sjekk veir og skredvarsel før de går.

Tvinnefossen

Fossefall i Randabygda, 15 km langs panoramavegen. Her kan du gå tørrskodd bak heile fossefallet, og oppleve dei enorme vasskreftene frå eit nytt perspektiv. 1,5 km gåtur i lett terreng frå parkering. Passar for folk i alle aldrar.
Les meir på nordfjord.no.